tirsdag 26. juli 2011
Bekescsaba
Besøk hos vennskaps-gruppa vår i Ungarn. For nokon blei det eit gledelig gjensyn med gamle kjente, andre fekk nye vener. Det er alltid kjekt å kome hit, du blir godt tatt vare på. Fredagskveld når vi kom var det tradisjonell Ungarsk suppe(Gulasj) og vannmelon til dessert. Gjorde godt etter rundt 12 timar på reise. LØrdag hadde vi vår første heile kviledag, noko alle satt pris på. Dei yngste var på badeanlegg mens roverane reiste på tur til Romania saman men ungarske speidarar. Her besøkte dei ein barneheim for foreldrelause og ungar som ikkje kunne bu heime då foreldra ikkje har råd, det var ei veldig fin oppleving og erfaring å ta med seg vidare. På kvelden var det middag på "stamresturangen" vår saman med ungararane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar