I måra blir det tur til Europapark på dagen før vi reiser på leir. Satsa på å få ei flott veke saman! Om det blir muligheiter til oppdatering av blogg er usikkert, og det kan fort vere at mobilar ladar ut, men alle skal ha lada dei før tur vertfall. vi reknar med dette går bra :) Håpar alle har det fint heime!
fredag 29. juli 2011
Innsbruck
Hadde ein variert dag i Innsbruck i går. Shopping, taubanetur, Zoo, fjelltur, Gocart og paragliding er noko av det speiarange gjorde på i går. Alle kosa seg med ein litt avslappa dag der ein kunne gjere litt som det passa :)
tirsdag 26. juli 2011
Kroatia
To heile dagar med fri i sol og varme. Det har vert fine dagar i Kroatia der vi har fått med oss litt av alt. Sol, bading, volleyball, byvandring, dansekurs og konsert, verkeleg hatt ferie.
Mandag hadde vi, som alle der heime eit minutt stillheit. Sender varme tankar til offer og pårørande.
Bekescsaba
Besøk hos vennskaps-gruppa vår i Ungarn. For nokon blei det eit gledelig gjensyn med gamle kjente, andre fekk nye vener. Det er alltid kjekt å kome hit, du blir godt tatt vare på. Fredagskveld når vi kom var det tradisjonell Ungarsk suppe(Gulasj) og vannmelon til dessert. Gjorde godt etter rundt 12 timar på reise. LØrdag hadde vi vår første heile kviledag, noko alle satt pris på. Dei yngste var på badeanlegg mens roverane reiste på tur til Romania saman men ungarske speidarar. Her besøkte dei ein barneheim for foreldrelause og ungar som ikkje kunne bu heime då foreldra ikkje har råd, det var ei veldig fin oppleving og erfaring å ta med seg vidare. På kvelden var det middag på "stamresturangen" vår saman med ungararane.
Praha
Praha er ein av mange flotte byar i Europa, med si unike historie og arkitektur, likevel var det ikkje dette speidarane frå Jølster hadde sett seg som mål å oppleve. New Yorker, tre etasjar billege klede. Dei fleste var godt fornøgd med shoppinga, men nokre av guta syntes det var litt vèl lita guteavdeling. Ikkje at ein skulle tru det utifrå storleiken på handlepåsane ;)
mandag 25. juli 2011
Oppdatering
HEI! Alle sammen er friske og raske, sjolv etter nesten 14 timar paa reise i gaar, der to av dei blei tilbrakt paa grensa Ungarn-Kroatia.
Vi har vert i Praha og Bekescsaba sidan sist vi oppdaterte, noko som har vert fine dagar, Litt problem med bildeopplastinga, skal prove aa legge inn seinere. Daa blir det ogsaa litt meir info om kvar dag.
Ha ein fin dag der heime!
Vi har vert i Praha og Bekescsaba sidan sist vi oppdaterte, noko som har vert fine dagar, Litt problem med bildeopplastinga, skal prove aa legge inn seinere. Daa blir det ogsaa litt meir info om kvar dag.
Ha ein fin dag der heime!
onsdag 20. juli 2011
Berlin
God Morgen!
Har akkurat intatt god frokost pä hotell Ramada. Alle er friske og raske etter ei god natt sövn. I dag set vi kursen mot Praha, noko mange har gleda seg til. Vi helde programmet og leiarane er godt fornögde med deltakarane sälangt.
I gär reiste vi Kiel- Berlin - Dresden. Förste runde for bussmat-gruppa gjekk bra, övelse gjer meister! Stoppa i Berlin for middag og kultur. Mange fekk sjä Check Point Charlie og restar av Berlinmuren.
Foran Brandenburger Tor
Har akkurat intatt god frokost pä hotell Ramada. Alle er friske og raske etter ei god natt sövn. I dag set vi kursen mot Praha, noko mange har gleda seg til. Vi helde programmet og leiarane er godt fornögde med deltakarane sälangt.
I gär reiste vi Kiel- Berlin - Dresden. Förste runde for bussmat-gruppa gjekk bra, övelse gjer meister! Stoppa i Berlin for middag og kultur. Mange fekk sjä Check Point Charlie og restar av Berlinmuren.
Foran Brandenburger Tor
Endelig er vi paa tur!
Förste dögn er over, no har vi komt oss til Dresden, Tyskland. Livet pä Kiel-ferga säg ut til ä falle i smak hos alle. Vi har trena, bada, dansa og ete god mat. Show og shopping(hovudsakleg pä Tax-Free) har det ogsä blitt.
Handlegata pä bäten
Flott ungdom!
Utsikt frä bäten.
Flott ungdom!
fredag 8. juli 2011
Reiserute Europatur
Dag nr | Dag/dato | Land | Strekning / aktivitet |
1 | Tys 19. | Norge | Skei-Oslo 14:00 avgang Kiel-ferga |
2 | Ons 20. | Tyskland | 09:30 ankomst Kiel Kiel-Berlin Berlin-Dresden |
3 | Tor 21. | Tyskland/ Tsjekkia | Dresden-Praha |
4 | Fre 22. | Tsjekkia/ Slovak/Ungarn | Praha-Bratislava-Budapest- Bekescsaba |
5 | Lør 23. | Ungarn | Bekescsaba |
6 | Søn 24. | Ungarn/Kroatia | Bekescsaba-Budapest-Sagreb-Pula |
7 | Mån 25. | Kroatia | Pula |
8 | Tys 26. | Kroatia | Pula |
9 | Ons 27. | Kroatia/Italia/ Østerrike | Pula-Innsbruck |
Tor 28. | Østerrike | Innsbruck | |
10 | Fre 29. | Østerrike/ Sveits/ Tyskland | Innsbruck-Zurich-Lôrrach |
11 | Lør 30. | Tyskland | Lôrrach-Rust Rust- Loreley |
12 | Søn 31. | Tyskland | Loreley |
13 | Mån 1. | Tyskland | Loreley |
14 | Tys 2. | Tyskland | Loreley |
15 | Ons 3. | Tyskland | Loreley |
16 | Tor 4. | Tyskland | Loreley |
17 | Fre 5. | Tyskland | Loreley |
18 | Lør 6. | Tyskland | Loreley-Kiel 14:00 avgang Kiel-ferga |
19 | Søn 7. | Norge | 09:30 ankomst Oslo Oslo-Skei |
lørdag 4. juni 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)